Hei,

Velkommen til kvasiflosofipoesi. Håper du finner noe du liker!

Urban cowboy

Urban cowboy

 

 

Eg er eit sjeldsyn

i den store i by'n

men eg kjende nyss

eg trong urbane stimuli

så eg sette meg på bussen

og tok ein dag fri

 

eg vandra ikring i byen så snasen

i finaste byklede-stasen

på beste sentrum aust

Ikkje akkurat som heime, traust

 

eg tømte mitt første krus

i ei sjappe med namnet

JOE & The juice 

eg peika på menyen på veggen

den var komplett

uforståeleg

eg fekk noko

ubestemmeleg

til ein pris som knapt var

overkommeleg

eg drakk kvar ein dråpe

eg tykte det smakte halvt skit,

halvt såpe

 

så gjekk eg vidare

med lengt i kroppen

kjende eg trong sprit

i den neste koppen

gjekk inn på eit kaffe-brenneri

tenkte det var eit trøndersk

karskgiveri

 

men alt eg fekk var ein kopp mjølk

med litt kaffe i

det var berre pungen som fekk svi

så eg fann ein bar for å få meg ein øl

men fyren bak disken sa:

me sel berre 101 typar ale

din knøl

 

eg tenkte: fyren har rett

eg har då sunt bondevett

eg passar ikkje i by'n


eg fér heimat til Stryn 

Ett minutt for evigheten

Ett minutt for evigheten

Verdens poesinatt

Verdens poesinatt